Hopp til innhold

Etterforsking auka mest

Hvit dør med skilt som sier at avhør pågår
FLEIRE SØKJARAR: Frå 2010 og fram til 2014 er talet på utdanningar innan etterforsking dobla, og talet på studentar er meir enn dobla. Illustrasjonsfoto: Politidirektoratet
Interessa for bachelor i politiutdanning har auka dei siste åra. Det same har talet på søknadar og studentar som tek etter- og vidareutdanningar. Etterforsking aukar mest.

Statistikken for etter- og vidareutdanning syner at det har vore ein spesielt stor auke av søkjarar, studietilbod og studentar på fagområdet etterforsking dei siste åra. Frå 2010 og fram til 2014 er talet på utdanningar dobla, og talet på studentar er meir enn dobla. I 2013/2014 var det noko over 700 studentar på dei ulike utdanningane i etterforsking. Det har vore ei målretta satsing på  fagområdet dei siste åra, og dette kjem fram i statistikken.

Dei siste åra, særleg frå studieåret 2010/2011, har det samla sett vore ein kraftig auke i talet på søkjarar og studentar til dei mange etter- og vidareutdanningane som Politihøgskolen tilbyr. Det er snakk om ei tilnærma dobling, til nær om lag 1740 studentar for studieåret 2013/2014. Legg ein til såkalla utdanningar på oppdrag var det over 1850 studentar. Talet på søkjarar aukar òg, men ikkje like mykje. Dette inneber at fleire søkjarar får plass på mange utdanningar. 

Etterutdanning utgjer ein mindre del. Det er vidareutdanningar, som gir studiepoeng, som aukar. På vidareutdanningane utgjer dei kvinnelege studentane vel 40 prosent, men her er det store variasjonar frå utdanning til utdanning. 84 prosent av søkjarane er tilsette i distrikta, og 8 prosent i særorgan. Høgskolen tilbyr òg enkelte utdanningar for tilsette i eksterne etatar, som utgjer resten av søkarane. 

Når det gjeld dei andre utdanningane så er biletet slik: Talet som tek politioperative utdanningar har auka dei siste åra, det same gjeld for pedagogiske og sivile utdanningar. Forebygging og mangfald er stabilt. Talet som tok leiarutdanningar gjekk litt ned i 2013/2014, etter fleire års vekst. Årsaka til dette er færre opptak til enkelte leiarutdanningar.

Jamn auke for bachelor
Søkjartala til bachelorutdanninga ved Politihøgskolen har auka mykje over fleire år. Av dei 4229 søkjarane til utdanninga i 2014 sendte 2434 inn all dokumentasjon og kan dermed definerast som reelle søkjarar til dei fire studiestadane Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern. Poenggrensene for å kome inn varierer ved studiestadane, også i 2014 var Oslo på topp med 48,4 poeng, men poenggrensene har auka ved alle studiestadane dei siste åra. I 2015 vart det sett ny rekord i antall søkjarar til politiutdanninga.

Det er tett opp mot 40 prosent kvinner på bachelorstudiet, som også er målsetjinga. Politihøgskolen har i sum ein større del av yngre søkjarar og studentar enn andre utdanningar som kan samanliknast, og snittalderen på studentane som vart tatt inn i 2014 er på 22,7 år.  

Fleire med minoritetsbakgrunn
Ved opptaket i 2014 nådde høgskolen for første gong målsetjinga si om minst fem prosent studentar med etnisk minoritetsbakgrunn. 39 studentar vart tekne opp ved opptaket i 2014, og dette utgjer litt over fem prosent. Innhentinga av opplysningar om dette er basert på ikkje-anonym eigenrapportering i følgjeskjema. I opptaket for 2015 vil Politihøgskolen endre målemetode til ei anonym, elektronisk spørjeundersøking. Ein går ut frå at delen med etnisk minoritetsbakgrunn kan vere noko høgare enn det som kjem fram ikkje-anonymt. Arbeidet med å rekruttere fleire politistudentar med denne bakgrunnen held uansett fram gjennom mange ulike tiltak.

Politihøgskolen utarbeider kvart år Kvalitetsrapporten - som og inneheld statistikk og tallmateriale frå studieåret 2013/2014.

Publisert: - Sist oppdatert: |