Hopp til innhold

Presenterte heilskapeleg modell for førebygging av kriminalitet

KOMMENTATORAR: Tore Bjørgo hadde invitert professor Tor-Geir Myhrer (t.v), faglærar Trond Kyrre Simensen og leiar for institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo, Heidi Mork Lomell til å snakke om og kommentere boka.
Personar frå politietaten, Justis- og beredskapsdepartementet, utdanningssektoren og studentar sat i salen då professor og forfattar Tore Bjørgo la fram den nye boka si «Forebygging av kriminalitet» på Politihøgskolen.

- Tanken med boka er at folk som arbeider med førebygging av kriminalitet skal lære seg å tenkje meir systematisk, og ikkje minst sjå nye moglegheiter til å kunne førebyggje kriminalitet, fortel Tore Bjørgo.

Tore Bjørgo som holder boka si i hånda

NY BOK: Tore Bjørgo har gitt ut boka «Forebygging av kriminalitet».

Bjørgo har utvikla ein ny heilskapleg modell for førebygging av kriminalitet - basert på ni mekanismar. I si bok, som Universitetsforlaget gjev ut, viser han korleis modellen kan brukast på fem heilt forskjellige former for kriminalitet: Innbrot i bustad, kriminelle ungdomsgjengar, bilkøyring i rus, organisert kriminalitet - og terror.

Dei førebyggjande mekanismane er dei same, men verkemidla som blir kravde for å aktivere dei er ulike. Boka hevdar følgjande: Ingenting er så praktisk som ein god teori.

Rektor Nina Skarpenes gratulerer Tore Bjørgo med utgivinga.

- Boka er lettlesen og gir ein god oversikt. Bjørgo presenterer ein modell for kriminalitetsførebygging som mange, ikkje berre politiet, kan ha nytte av i det praktiske arbeidet sitt. Eg håper boka blir til glede og nytte for mange, seier ho.

Oppretta ein kunnskapsbase
Tore Bjørgo har også oppretta ei side på phs.no for deling av kunnskap og forsking rundt temaet.

Publisert: - Sist oppdatert: |