Hopp til innhold

Politihøgskolen eit naturleg val for samvirke mellom nødetatane

Justissektorens kurs- og øvingssenter
MANGLAR KAPASITET: Stavern ville ha vore ein naturleg stad for eit kompetansesenter for samvirke, men kapasiteten er sprengd ved heile Politihøgskolen, slik det no er.
Politihøgskolen er av den oppfatninga at det er naturleg at ansvaret for å etablere eit eventuelt nasjonalt tverrfagleg kompetansesenter for samvirke blir lagt til høgskulen.

Dette går fram i høyringssvaret frå Politihøgskolen til Justis- og beredskapsdepartementet, som er sendt til Politidirektoratet.

Ei arbeidsgruppe leia av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har lagt fram ein rapport. Den gjer merksam på at det er naudsynt at politiet tek ei sterkare og tydelegare rolle innanfor samvirke framover, og arbeidsgruppa foreslår å utvikle Politihøgskolen til å bli eit nasjonalt, tverrfagleg og nettverksorganisert kompetansesenter for samvirke.

Ligg til rette
I høyringssvaret sluttar Politihøgskolen opp om det identifiserte behovet for å styrkje samvirkeevna til nødetatane. Det vert lagt vekt på at samvirke handlar om utnytting av aktørane sin kompetanse og kapasitet, samt samhandling og koordinering av ressursar for å sikre best mogeleg total oversikt og styring. Dersom innsatspersonell skal handle saman optimalt på ein skadestad, er det behov for opplæring og utdanning på tvers av etatane.

Når det gjeld tilrådinga om at å leggje eit nasjonalt, tverrfagleg kompetansesenter for samvirke til Politihøgskolen, vert det grunngjeve med mellom anna med at Politihøgskolen sine krav til kvalitetssikringssystem gjennom NOKUT, vil hjelpe med til å sikre god kvalitet på planlegging og gjennomføring av dei ulike oppgåvene innanfor samvirke. Det blir føresett at dei andre etatane, inkludert Hovedredningssentralane, hjelper med faglege ressursar, slik at kompetansesenteret står fram som fullt ut tverrfagleg, og i samarbeid mellom etatane. 

Mangel på ressursar
Politihøgskolen skriv vidare:

Vi er av den oppfatninga at det er naturleg at ansvaret for å etablere eit eventuelt nasjonalt tverrfagleg kompetansesenter for samvirke blir lagt til Politihøgskolen. Høgskulen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politietaten/i justissektoren, har eit etablert og godt samarbeid med Hovedredningssentralen, og eit kompetent fagmiljø innan samvirke med nemnde aktørar. Men det er utfordringar knytt til dette forslaget. Politihøgskolen har ein prekær situasjon med tanke på økonomi, lokale og kapasitetsutfordringar.

Dersom Politihøgskolen skulle få ansvaret for eit slikt kompetansesenter, føreset vi at det ikkje blir lagt til grunn at det skal gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer. Politihøgskolen føreset at dersom vi skal kunne ta på oss ei slik rolle med dei nye oppgåvene og det ansvaret dei medføra, må det følgjast av nye ressursar. 

Ved ei eventuell etablering av eit kompetansesenter og/eller regionale øvings- og kompetansesenter, og utlevering av ansvaret for kompetansesenter til Politihøgskolen, vil Politihøgskolen understreke at vi vurderer det  å vere av avgjerande at dette ikkje går på ut over den bachelorutdanninga og etter- og vidareutdanninga som er i dag, heiter det i høyringssvaret.

Publisert: - Sist oppdatert: |