Hopp til innhold

Sertifisering av instruktørar i konflikthandtering

En politimann viser tollerne hvordan man setter håndjern på en person
HANDJERN: Deltakarane følgjer godt med når instruktøren frå PHS gir instruksjon om påsetjing av handjern.
24 av tolletaten sine instruktørar i konflikthandtering har vore på sertifiseringskurs på Politihøgskolen.

Politihøgskolen sine instruktørar er kurshaldarar og ansvarlege for gjennomføring av kurset.

- Vi har bede Politihøgskolen om å utarbeide eit kurs for oss, og i samarbeid med tolletaten sine instruktørar i konflikthandtering ved Tollskolen sitt kompetansesenter har vi laga eit kurs som gir instruktørane våre eit godt grunnlag for å organisere eigentrening i tollregionane, seier Elisabeth C. Nettum, fagansvarleg i Kontrollavdelingen i Toll- og avgiftsdirektoratet.

Sertifiserast for ein treårig periode
Instruktørar frå heile landet skal sertifiserast som instruktørar i konflikthandtering for ein treårig periode. Formålet med sertifiseringa er å leggje til rette for ein einsarta praksis. Dessutan å medverke til at kompetansen i utøving av konflikthandtering og teknikkar for tryggleik i tolletaten er egna og utvikla i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til yrkesutøvinga.

Vere medvitne om haldningane sine
- Vi ønskte å setje fokus på nokre få men enkle teknikkar i arrestasjon og det å setje på handjern. Samtidig var det viktig å jobbe med haldningar hos deltakarane, dei som blir sertifiserte vil ha påverknad på andre tenestemenn som instruktørar, og må vere seg medvitne haldningane sine i bruk av blant anna maktmiddel, både når dei organiserer eigentrening i tollregionen, og når dei er på jobb. Dei får også god opplæring frå Politihøgskolen i planlegging, gjennomføring og evaluering av leksjonar i fysisk trening, og observasjon og rettleiing av kursdeltakarar, fortel Nettum.

Kurset har tett program og lange dagar, og krev mykje engasjement frå deltakarane. Gjennom kurset skal dei lage leksjonar, undervise og rettleie kvarandre, og dei må gjennom ein avsluttande prøve som blir vurdert til bestått/ikkje bestått av Politihøgskolen sine instruktørar.

Publisert: - Sist oppdatert: |