Hopp til innhold

Søknadsfrist for ny master i etterforsking: 1. november

Utklipp av nettsiden om masterutdanning
MASTER I ETTERFORSKING: Phs.no. er oppdatert med informasjon om den nye masteren.
Då er fristen satt for å søkje det nye studiet: 1. november går fristen ut for å søkje om fyrste opptak til erfaringsbasert master i etterforsking ved Politihøgskolen.

Det nye studiet er organisert i sju emne som er integrerte, og byggjer på kvarandre. Til saman utgjer emna ein mastergrad i etterforsking, med eit omfang på 90 studiepoeng.

Det er berre kort tid sidan Politihøgskolen fekk godkjent det nye studiet. Rektor Nina Skarpenes var stolt og glad, og sa blant anna at denne utdanninga er det ingen andre som kan by fram. Master i etterforsking vil møte behovet til etaten for spisskompetanse og styrkje etterforskingsfaget i politiet.

Sjå opptakskrava og korleis du søkjer erfaringsbasert master i etterforsking.

Publisert: - Sist oppdatert: |