Hopp til innhold

Politihøgskolen tilbyr master i etterforsking

En student ser i en bok i biblioteket
GODKJENT: Erfaringsbasert master i etterforsking er godkjent av NOKUT. Illustrasjonsfoto
Politihøgskolen vil no tilby ei erfaringsbasert masterutdanning i etterforsking. Nyleg fekk Politihøgskolen godkjent sin søknad om studiet.

- No er eg veldig glad, seier rektor, Nina Skarpenes. Denne utdanninga er det ingen andre som kan by fram. Vi har all grunn til å vere stolte! Master i etterforsking vil møte behovet til etaten for spisskompetanse og styrkje etterforskingsfaget i politiet.

Etterspurt master
Politiet si evne til å løyse etterforskingsoppgåvene er av stor tyding for befolkninga si oppleving av tryggleik og ivaretaking av retttryggleik. Det er derfor viktig at politiet har høg etterforskarkompetanse, og at denne er forankra i dokumentert kunnskap.

For fem år sidan laga Etterforskningsseksjonen ved Politihøgskolen ein modell for vidareutdanningar innanfor etterforskingsfaget, med eit mastertilbod som krona på verket. Målet har vore klart, men det var fyrst for eitt år sidan at arbeidet med å utvikle etterforskingsmasteren verkeleg skøyt fart. No er altså masteren godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen), og Politihøgskolen kan ta opp sitt aller fyrste kull med masterstudentar i etterforsking. Studiet har oppstart allereie i januar 2016. Søknadsfrist blir avklart i desse dagar.

90 studiepoeng
Masteren gir 90 studiepoeng, og skal gjennomførast som eit deltidsstudium over tre år. Studiet er organisert som eit studium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og har då ei normert studietid på 3 år. Det er obligatorisk nærvær på delar av studiet. Det blir lagt stor vekt på å kombinere erfaring og praksis med teori.

Studiet er organisert i 7 emne som er integrerte og byggjar på kvarandre. Til saman utgjer emna ein erfaringsbasert mastgrad i etterforsking med eit omfang på 90 studiepoeng. Den primære målgruppa er tilsett i politi- og påtalemakt som på ulike fagområde har sentrale rollar og oppgåver innan etterforsking.

Opptakskrav
Søkjarar må ha fullført eitt av følgjande løp for utdanning:

  • Bachelorgrad  eller 3-årig politiutdanning
  • 2-årig utdanning frå Politiskule med minimum 60 studiepoeng eller tilsvarande frå studiar med relevant fagkrins på universitets- eller høgkolenivå (inkludert vidareutdanningar)
  • 2-årig utdanning frå Politiskule med minimum 1680 timar etterutdanningskurs
  • 2-årig utdanning frå Politiskule og minimum 5 års relevant yrkespraksis ut over det formelle kravet om 2 års relevant yrkespraksis
  • Bachelorgrad i juridiske fag eller annan relevant bachelorgrad frå universitet eller høgskule

Utlysing og fleire opplysingar om korleis du søkjer kjem - følg med på phs.no.

Publisert: - Sist oppdatert: |