Hopp til innhold

Prøvde ut ny undervisningsmetode

KAHOOT: Forelesar Asbjørn Rachlew vekte konkurranseinstinktet til studentane i Stavern og Bodø då han la opp til ein online-spørrekonkurranse gjennom Kahoot.
Over Skype møttest tredjeårsstudentane i Bodø og Stavern til felles interaktiv og tverrfagleg undervising.

Justisfeil og hypotesetenking i samanheng med etterforsking stod på planen under den tverrfaglege undervisinga i rapport- og etterforskingslære og psykologi.

Fyrst ut var politioverbetjent Asbjørn Rachlew frå Oslo politidistrikt som i foredraget sitt hadde lagt inn eit element som fekk studentane til å setje seg godt fram på stolen.

- Rachlew vekte umiddelbart konkurranseinstinktet mellom studentane i Stavern og Bodø når han tok i bruk spørsmålsverktøyet Kahoot under foredraget sitt. Kahoot er eit online-verktøy for å stille spørsmål til ei gruppe studentar, og verktøyet kan lage ein konkurranse mellom deltakarane, også om dei er seg på ulike stader, fortel politioverbetjent Arngeir Arnholt.

Diskusjon om film frå patruljebil
Etter lunsj blei det lagt opp til parallelle sesjonar i Bodø og Stavern, kor utgangspunktet var likt.

- Studentane fekk sjå ein nyleg produsert film satt i scene frå innsida av ein patruljebil, kor dei fekk oppkalling frå operasjonssentralen om ei hending. Filmen blei frosen og studentane fekk i oppgåve å gå saman i små grupper og diskutere mentale og praktiske førebuingar før dei kom til  åstaden, fortel Arnholt.

Etter ein felles gjennomgang av førebuingane, blei filmen snurra vidare til patruljen var på åstaden. På åstaden blei dei møtte av ein melder og fornærma.

- Filmen blei på nytt frosen og studentane fekk igjen i oppgåve å gå saman i små grupper og diskutere aktuelle hypotesar for kva som kunne ha hendt, og deretter kva umiddelbare skritt i etterforskinga som på bakgrunn av det burde setjast i verk. Denne seansen blei og gjennomgått klassevis før vi runda av dagen, forklarer han.

I framkant av den tverrfaglege og interaktive undervisinga, blei studentane oppfordra til å førebu seg via It’s Learning, blant anna ved å lese artiklar og sjå gjennom ein TEDtalk på YouTube.

- Vegen å gå
Tilbakemeldingane på undervisningsopplegget frå studentane har vore berre positive.

- Vi møtte på nokre små tekniske utfordringar, men meiner tross det at denne metoden å undervise på fungerte fagleg særs godt. Konklusjonen er at dette definitivt er vegen å gå, avsluttar Arngeir Arnholt.

Publisert: - Sist oppdatert: |