REPORTASJAR: Karoline Kvernland (t.v) og Gitte Gilberg Sethereng har laga fleire reportasjar om politiyrket.
Fredag 15. januar gjekk startskotet for Politihøgskolen sin marknadskampanje 2016. I tillegg til nettannonsering, vil høgskulen i stor grad nytte seg av sosiale medium, med Facebook i spissen.
- Gjennom heile året deler Politihøgskolen (PHS) glimt frå utdanninga og politiyrket i eigne kanalar. «Bli politi» på Facebook er for tida ein av dei viktigaste kanalane våre for å nå ut til målgruppa, seier marknadsansvarleg Karoline Kvernland.
I tillegg til kampanjen og tidlegare produsert materiale har kommunikasjonseininga, ved Karoline Kvernland og Gitte Gilberg Sethereng, supplert med fleire reportasjar om politiyrket som også inngår i kampanjen. Desse omhandlar:
- UP
- Operasjonssentral
- Vinningsgruppa: Skimming og ID-tjuveri
- Vinningsgruppa: Lommetjuveri
- Praksisåret (B2)
- Politiarbeid på staden
- Pelle politibil
- Reportasjane gir målgruppa eit innblikk i ulike delar av politiyrket. Vi håper at reportasjane inspirerer til å oppsøkje meir informasjon om Politihøgskolen, seier kommunikasjonsrådgivar Gitte Gilberg Sethereng.
Alt videomateriale vil delast på «Bli politi» løpet av januar og februar, og er tilgjengeleg på Politihøgskolen sin You Tube-kanal. Kampanjen har ei eiga landingsside.
Møt oss på infokveld
Politihøgskolen og politidistrikta held i januar og februar informasjonskveldar og deltek på messer (sida blir oppdatert).
Dei siste åra har talet søkjarar til Politihøgskolen auka. I 2015 opplevde Politihøgskolen tidenes høgaste søkjartal, med 5107 søkjarar. Søkjarane kjem frå heile landet, og kvinnedelen er på 44 prosent.
Publisert: - Sist oppdatert: |