Hopp til innhold

Redaksjonelle retningsliner

Phs.no skal vere ein brukarretta kommunikasjonskanal som skal bidra til at Politihøgskolen når måla sine.

Phs.no – for kven? Målet vårt er at phs.no skal vere:

  • Hovudkanalen for informasjon til potensielle studentar ved Politihøgskolen
  • Ein nyttig nettstad for informasjon til tilsette i justissektoren, samarbeidande etatar og media
  • Ei kjelde til nyhende og kommentarar frå Politihøgskolen
  • Ein formidlar av forsking og fag

Kriterier for Politihøgskolens nyhetsformidling på nettstedet er:

  • Vesentleg
  • Aktuelt
  • Relevant
  • Engasjerande

Phs.no skal i hovudsak ikkje formidle nyhende frå andre i politietaten/justissektoren. Redaksjonen kan vurdere å gjere unntak for saker vi meiner er viktige for målgruppene våre. Vi skal i slike høve forsøke å knytte ein kommentar frå Politihøgskolen til saken.

Redaksjonelt ansvar

Ansvarleg redaktør er kommunikasjonssjef Torill Gulbrandsen. Nettansvarlig for Politihøgskolen er kommunikasjonsrådgivar Karoline Kvernland.

Kjeldetilvising

Det er lov å bruke informasjon frå phs.no med direkte lenkje til den relaterte artikkelen og/eller med kjeldetilvising. Det er ikkje lov å nytte bilete frå nettstaden utan løyve.

Sist oppdatert: |