Hopp til innhold

Ein kjernekar utgjer ein forskjell

Kampanjen til Kripos mot valdtekt på fest - særleg i ungdomsmiljøa - har fått fantastisk oppmerksomheit. Det er bra - men kva er eigentleg ein «kjernekar»?

Me som vaks opp på bygda for nokre tiår sidan har ikkje vanskar med biletet av ein kjernekar. Det er han som er tvers igjennom real og som handler klokt. Han veit skilnad på rett og gale, til kvardags og når det røyner på, og han er eit førebilete og ein vegvisar for mange. Han er heil ved. Du kan rekne med kjernekaren, og derfor vel mange å lytte til og følgje han.

Ved å hente fram dette biletet satsar Kripos og samarbeidspartnarane no på noko av det viktigaste for ei god utvikling i samfunnet: Haldningsskapande arbeid som kan endre tankesett og handling. Tufta på verdiar som dei aller fleste er samde i. Det er ikkje greitt å unytte ei sovande eller vergelaus jente på ein ungdomsfest. Det er kort og godt straffbart. Men det skjer. Ein gong er ein for mykje. Dessverre skjer det mange valdtektar på fest i ungdomsmiljø. Ein del overgrep vert anmeldt men det er mørketal også på dette området. Situasjonen er urovekkjande. Ungdom testar grenser - det veit me alle. Men det er ei grense du ikkje kan passere. Ho må vera kjent og alle må ta ansvar for å vakte om ho i situasjonen der og då: «Nei, slikt gjer me ikkje!». Men og når haldningar vert forma - i kvardagen.   

Politiet si hovudoppgåve er å skape tryggheit,  gjennom blant anna å hindra at kriminalitet skjer. Politiinstruksen (§2-1(2)) er tydeleg på kva som er den viktigaste strategien for arbeidet til politiet.

«I ethvert tilfelle gjør politiet best nytte for seg hvis det på forhånd lykkes i å forebygge eller avverge lovbrudd eller ordensforstyrrelser

Når eit problem oppstår eller veks så kjem ofte kravet raskt om meir politi og større politiinnsats. Det er forståeleg, og i mange høve rett.  Men me må ikkje gløyme ei tilnærming basert på kunnskap og forståing: Kvifor skjer dette - kven er dei som valdtek, eller ranar? Då kan vi - saman med andre gode krefter i samfunnet - finne løysingar som og gjer varige resultat ut over den akutte politiinnsatsen.

Politiet sin viktigste samarbeidspartnar er publikum, innbyggjarane. Det gjeld når saker skal oppklarast, politiet treng tips og vitner. Men ikkje minst treng me hjelp frå kjernekarane i folket for å få fleire til å gjera riktige val - og halde seg på rett side.  

Kripos sin kampanje - og kjernekaren - er rett og slett førebygging av beste merke. Det er og spennande at politiet no bruker sosiale media som hovudkanal for denne innsatsen. Då treff ein ungdom betre- der ungdom er. Det er lagt til rette for at du kan utnemne din eigen kjernekar, du kan diskutere og hente info. Ikke minst gjer delinga også at mange på kort tid vert involvert og driv arbeidet framover.

Politihøgskolen er sjølvsagt med på laget her. Eg har oppmoda våre tilsette og studentane til å engasjere seg. Ein mannleg politistudent skal vere ein kjernekar.

Kampanjen har fått stor oppmerksomheit. Det fortener han. Vald eller seksuelle overgrep er på mange måter som ei terrorhandling - det får alvorlege konsekvensar og skadane er ofte uopprettelege. Derfor er det aller viktigaste å hindre at overgrepa skjer. Kampanjen set dagsorden, og skaper debatt - det har ein verdi i seg sjølv. Trykkje «like» er lett, men det er handling som gjer ein forskjell. Kampanjen kan legitimere å seie i frå.

Ein kjernekar utgjer først ein forskjell når han handlar.

Sjef PHS, Håkon Skulstad

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar