Hopp til innhold

Eit opnare politi gjer oss til eit betre politi

Samfunnet har gitt politiet krevande oppgåver - men og store fullmakter. Det er nødvendig for å sikre tryggleik og ein best muleg innsats mot kriminalitet. Men oppdraget og fullmaktene forpliktar - til å vera opne ut mot samfunnet om kva utfordringar politiet ser, og om korleis politiet vil møte dei. Politiet må også vera opne for å ta i mot innspel utanfrå, slik at politi og samfunn spelar på lag i eit tillitsforhold, ein føresetnad i eit demokrati. 

Terrorhandlingane 22. juli 2011 rysta heile Norge. 22. julikommisjonens rapport gav usminka og harde fakta om korleis samfunnet handterte hendingane denne, for Norge, mørkaste dagen etter krigen. Konklusjonen var klar - styresmaktene klarte ikkje å verna innbyggjarane på ein god nok måte. Kommisjonens grundige rapport gav eit unikt innsyn i krise- og beredskapshandteringa. Det var lite hyggeleg lesing. 

7. februar la Politihøgskolen fram evalueringa av den nasjonale krise- og beredskapsøvinga Øvelse Tyr 2012. Det var nok ein gong vesentlege manglar i krisehandteringa – noko som kunne fått store konsekvensar dersom det var ein reell terrorsituasjon. Evalueringsrapporten er tydeleg. Kritikk er ikkje berre hyggeleg å få, og kan vera krevande å handtere. Men det forpliktar å få retta opp manglane når kunnskapen kjem ut i det opne rom. Rapporten skapte også debatt fordi han var offentleg og lett tilgjengeleg for alle. Romerike politidistrikt tok utfordringa på strak arm, og varsla endring. 

Skal me opne meir opp krev det takhøgde internt i politiet. Meningsbryting og konstruktiv kritikk må verdsetjast og verta sett på som ein naturleg del av utviklinga av politiet for framtida. Politihøgskolen må til dømes tåle at utdanninga vert debattert. 

Innbyggjarane, oppdragsgjevarane våre, må vera trygge på at dei får kunnskap om den reelle situasjonen. Det same gjeld Justis- og beredskapsdepartementet og politikarane, som ein del av styringssystemet vårt. Andre fagmiljø og samarbeidspartnarar treng også kunnskap for å kunne samarbeide og dele sin kompetanse med politiet på ein god måte. 

Politiet kan naturlegvis ikkje fortelje om alle sider av det dei arbeider med til eikvar tid. Det ville mellom anna vera ei gåve til kriminelle. Men me må formidle kva for utfordringar og løysingar me har - som etat.   

Skal me utvikle metodar og oppgåveløysinga til politiet, må me vera opnare på alle nivå, kvar dag. Inbyggjarane har også krav på eit best muleg politi i kvardagen. Politiet vert heller ikkje betre under reell krisehandtering enn det me er, til daglig og når me øver. 

Faktiske forhold og ein open debatt kan også få fram trong for politisk endring av rettslege, organisatoriske eller økonomiske rammevilkår for politiet. Alt til beste for samfunnet. 

Me ser signal om ei positiv utvikling i politiet – la oss halde fram på den vegen.

Sjef PHS, Håkon Skulstad  

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar