Hopp til innhold

Inn i eit spennande terreng

Eg bloggar og går med det inn i eit ukjent og spennande terreng. Det er bra. For der skal både Politihøgskolen og eg vera. Ikkje heila tida, men jamnleg.

I forordet til den nye strategiske planen for Politihøgskolen 2012 – 2016 skriv eg:

«Eit samfunn i rask endring, både nasjonalt og globalt, skaper nye utfordringar og forventingar til Politihøgskolen. Ambisjonen til Politihøgskolen er å vera i forkant for å møte denne utviklinga. Det krev at vi vidareutviklar måten vår å tenkje på og styrkjer evna vår til å ta gode val.»

Visjonen vår er heilt enkelt at Politihøgskolen skal bidra med kunnskap for eit tryggare samfunn. Det er ingen liten ambisjon – men det er den vegen vi skal.

Vi skal bli ein meir samfunnsengasjert og synleg Politihøgskole. Då må vi – og eg som toppleiar – fremje meiningar og delta aktivt i debatten. Om kjerneoppgåvene våre, men også om meir enn det. Vi skal skape interesse for utdanning, fag og forsking ved PHS. Vi skal formidle både målretta og så breitt som mogleg. Sosiale medium og nye flater for kommunikasjon er eit naturleg steg.

Eg bloggar – altså er eg – i alle fall i gang.

Sjef PHS, Håkon Skulstad

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar