Hopp til innhold

Nok ledige jobbar er den beste garantien

Vi har fått ei ny regjering, og ein ny statsråd for justis- og beredskapssektoren. Dei skal vi ta godt imot, med ønske om eit spennande og konstruktivt samarbeid.

Vi takkar for samarbeidet med den avgåtte regjeringa, og merker oss at den nye regjeringa alt har sendt positive signal om satsing på politi, påtale og beredskap. No skal dei arbeide vidare med budsjettet som den forrige regjeringa la fram. Endringar kan ventast, me får eit meir fullstendig bilete etter kvart. I plattforma til den nye regjeringa står det mellom anna:

…Regjeringens målsetting er to politifolk pr 1 000 innbyggere innen 2020. Et sterkere nærpoliti vil skape mer trygghet. Det vil derfor bli innført en garanti for at antallet nye og ledige stillinger i politiet øker tilsvarende antallet studenter som består Politihøgskolen inntil målet er nådd.

Fleire politifolk i etaten, studentane skal få jobb. Dette er viktig og positivt. Utviklinga med langt fleire politiutdanna er i gang, og fram til no har det vore jobbar til nyutdanna - over tid. Kvart år går eit betydeleg antall ut i pensjon, og 350 nye stillingar er i tillegg oppretta hausten 2013. Dette vert då ein reell vekst, som skal halde fram.  

Så er spørsmålet: Kva for ein type garanti for jobb til nyutdanna vil vere best? Kva vil gi det beste resultatet, på alle måtar? Den beste garantien for at studentar kjem i jobb, og i fast jobb raskare, er at det er nok ledige jobbar som nyutdanna kan søkje når dei har fått vitnemål. Det er nokre viktige skilnader på å gje ein slags «førehands garanti», nokre krev og ei lovfesting - og det å garantere at det vil vere nok jobbar tilpassa nyutdanna som dei kan søkje på og konkurrere om.

Det kan fort verte mistydingar og tolkningar om at alle har rett på akkurat det same, til same tid og der ein sjølv ønskjer det, om fokuset på garantien er - sjølve garantien.  Det kan og verte ein debatt om praktiske ordningar, noko vi ikkje treng. 

Me ønsker studentar som jobbar knallhardt under utdanninga, for å bli best mogeleg når dei skal søkje jobb. Dei beste skal få betalt for det, og ha lettast for å få dei jobbane dei aller mest ønskjer seg. I staten er det den best kvalifiserte som skal få jobben. Slik må det og vere i politiet.

Målet er fleire politifolk, det er og politisk bestemt. Jobbmarknaden er smalare enn for mange andre om dei skal utøve det dei er utdanna til. Når fleire vert tekne opp på studiet og ferdig utdanna er det sjølvsagt slik at det må ryddast plass til desse i etaten. Noko anna er utan meining. Forståinga for dette er stor, men omverda vil nok med god grunn stille nokre spørsmål om det ikkje skal vere kvalifikasjoner og konkurranse som ligg til grunn for kva tilbod den einskilde får.  

Ordningane må heller ikkje vere slik at andre høgskolar og utdanningar, som til dømes lærarar og sjukepleiarar, med rette spør om kva som gjer at politistudentar får ein type garanti som andre berre kan drøyme om.      

Signala er gode. Mange nok stillingar som nyutdanna kan søkje er ein garanti av beste merke, for studentane, politiet og samfunnet. Ein slik garanti trengs, og det er den beste løysinga. 

Sjef PHS, Håkon Skulstad

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar