Hopp til innhold

Politianalysen viser retning for politiet

Politianalysen er lagt fram. Det vil vere den politiske handsaminga og til slutt dei politiske vedtaka som avgjer kva for eit politi Norge får i framtida. Men politiet har også eit tungt ansvar i å ta tak i ei rekke forbedringspunkt som ikkje krev politiske vedtak.

Framtida er no. Analysen er den mest grundige gjennomgangen av norsk politi nokon sinne, og den kjem ikkje brått på. Vi treng større regionar eller distrikt som har kraft i seg til å takle den kriminaliteten vi ser er blitt meir samansett, komplisert og mobil - nasjonalt og internasjonalt. Og etter terroren 22/7 kom det krav til ein beredskap som og er robust nok - over heile landet. Slagkrafta til Politiet og emne til handtering - i kvardagen og i krise - må styrkast.

På vegen fram til politiske beslutningar skal og politiet delta i ein debatt som alt er i gang.  Debatten har eigentleg gått i mange år, heilt sida Politirefomen frå 2000 - 2006. Håpet må vere at ordskifte og standpunkt ikkje vil verte for prega av haldning til talet på regionar/distrikt og lensmannskontor, eller lokalisering. Det vil vere å skusle bort ein historisk mogelegheit.

Kan ein samla og sentralisere, for å styrke det lokale, både tilgjengelegheit og kvalitet? Nokre tviler på det. Men det er heller ikkje slik at tryggleik og politikraft heng saman med eit skilt eller eit kontor som knapt nok har bemanning og opningstid. Med kun ei årleg husleige du får lite polititeneste ut av. Ressursar kan frigjerast, til tider og stader der det trengs. Analysen foreslår ikkje at politiet skal leggjast ned og verta borte frå nærmiljøet - men korleis det lokalt forankra politiet kan styrkast. Lokalkunnskapen kan og leve vidare.  Avstandene er store i landet vårt, men det treng ikkje verte lengre til det politiet ein treng når det verkeleg gjeld.

Me må og sjå på kva for oppgåver politiet skal ha. Analysen er klar på at nokre oppgåver bør leggjast ut frå politet. Den vurderinga må me vera med på.

Det vil verta endringar for særorgana. Politihøgskolen vert og drøfta i analysen. Den debatten må me ta - sjølv om den nok ikkje kjem for fullt før i ein seinare runde. Me skal vere ein del av politiet. Men me ønsker å vidareføre høgskolen - med den akademiske fridomen som er med på å styrke utdanning og forsking - til beste for politiet.

Me må sjå heilskapen. Politiet skal ikke leggjast ned - men byggjast opp på ein ny måte.  Ein avgjerande føresetnad for å få til resultat er at politiet i framtida sjølve må kunne bestemme organisering av tenesta i regionen eller distriktet. Dei folkevelde skal fortelje kva tenester dei vil ha - politiet skal fortelje korleis dei kan levere. Analysen er klar - og dette har politiet venta på lenge.

Analysen er ikkje fasiten, det kan kome endringar. Men det er eit dokument som grundig slår fast at det ligg eit stort uforløyst potensial for ei betre polititeneste. Den politiske handsaminga avgjer, men ingen, heller ikke politikarane kan sjå bort fra fakta og grunnlaget for denne analysen. Men det kan vera ulike vegar til målet om betre polititeneste.

Så må vi alle vere opne for gode argument og innspel i det vidare arbeidet. 

Sjef PHS, Håkon Skulstad

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar