Hopp til innhold

Takk for i år - og kjør debatt!

Dei siste åra har vore krevande for politiet, 2013 er ikkje noko unntak. Samfunnet ventar mykje meir av oss, og me må leve opp til det. Endringar er i gang, og fleire kjem no på mange område. 2014 og dei neste åra vil og verta utfordrande. Politiutdanning, kunnskap og kompetanse står heilt sentralt i desse endringane - og i dei krava politiet må møte.

23. og 24. januar arrangerer Politihøgskolen Utdanningskonferansen med tema «Politiutdanning i utvikling - kunnskap for et tryggere samfunn». Den siste delen av tittelen er for øvrig visjonen til Politihøgskolen. Innafor denne ramma vil konferansen blant anna ta opp kva som krevst av framtidas politiutdanning, kompetanseutvikling i politiet og presentere ulike syn på kunnskap og læring. Me inviterar leiarar, fagpersoner og ulike miljø i etaten - i møte med politiske leiarar, til å vere med på drøftingane. Det er ein levande debatt om politiutdanninga, både om bachelor- og etter- og vidareutdanning. Politihøgskolen deltek i den løpande debatten, men me ønskjer og å ta initiativ og skape ein arena for ei breiare tilnærming til desse viktige spørsmåla. 

Politihøgskolen starter altså friskt i det nye året. Det har som vanleg vore hektisk i det året som går mot slutten og. 2160 studentar held på med bachelorutdanning. Om lag 1800 tek etter- og vidareutdanning kvart år. I løpet av året har det vore ei betydeleg opptrapping av talet på stabskurs og utdanning av innsatspersonell. Dette er ei direkte oppfølgjing av 22. juli-kommisjonen og Terrorberedskapsmeldinga. Samtidig har PHS i 2013 hatt rekordmange søkjarar til bachelor-utdannninga - over 4000 ville verta politi. 720 nye studentar vart tekne opp.

Forskarane våre kjem med viktige bidrag i samfunnsdebatten, og me er vertskap for mange konferansar og samlingar - i tillegg til dei me arrangerer sjølve. Vi deltek i mange faglige sammenhengar, og me samhandlar både med politietaten og med andre aktørar. Me skal vera opne, me skal formidle resultata våre, og svare på spørsmål frå samfunnet!

Eg vil framheve engasjementet og innsatsen til dei tilsette ved Politihøgskolen i 2013. Begge delar står det respekt av. Ei helsing går og til studentane, politi- og lensmannsetaten og våre samarbeidspartnarar. Me tek og med den nye politiske leiinga som akkurat har kome i gong med arbeidet sitt.

Etter ei forhåpentleg roleg og fin jule- og nyttårshelg starter me på eit nytt krevande år. Og noko av det første me gjer er å invitere til refleksjon om ei politiutdanning i utvikling. Oppfordringa er klar: 

Kjør debatt!   

Sjef PHS, Håkon Skulstad

Publisert: - Sist oppdatert: |

Legg til kommentar