Hopp til innhold

Politidirektoratet

Politidirektoratet (POD) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

Politidirektoratet har ansvar for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av Politi- og lensmannsetaten, irekna dei 12 politidistrikta og politiet sine særorgan, med unntak av Politiets sikkerhetstjeneste.

Direktoratet vert leia av Politidirektøren, som er politi- og lensmannsetaten sin øverste leiar. Direktoratet held til i Oslo, i eit nytt bygg på Majorstua som sto ferdig hausten 2015.

Faglig leiing, styring, oppfølging og utvikling

Politidirektoratet sine hovudoppgåver er fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av politidistrikta og politiet sine særorgan. Politidirektoratet er overordna makt og nærmaste støttespelar for politidistrikta og særorgana. Direktoratet har òg ein sentral rolle i innsatsen mot internasjonal og organisert kriminalitet.

Hovedoppgåver:

  • Samordning av måla, planane og arbeidet til politidistrikta og særorgana
  • Leiing av etaten
  • Personal- og organisasjonsutvikling
  • Støtte- og tilsynsoppgåver
  • Behandling av klagesaker

Leier utviklingsarbeidet i etaten

Politidirektoratet leier utviklingsarbeidet i etaten, både som styringsorgan og som kompetansesenter. Direktoratet medverkar aktivt til kriminalitetsanalyse, samordning av ressursar, metodeutvikling og leiar- og kompetanseutvikling, og kan derfor gi kvalifisert hjelp og støtte til politidistrikta, særorgana, Justis- og politidepartementet og andre samarbeidspartnarar.

POD i sosiale medium:

Sist oppdatert: |