Hopp til innhold

Politidistrikt

Politi- og lensmannsetaten i Noreg består frå 1. januar 2016 av 12 politidistrikt, i tillegg til dei nasjonale særorgana.

Politidistrikta høyrer inn under Politidirektoratet, som har ansvar for fagleg leiing, styring og oppfølging. Kvart distrikt leiast av ein politimeister, som vert utnemnd av Kongen i statsråd.

Kart over politidistriktene per 1. januar 2016

Politistasjoner og lensmannskontor

Innanfor kvart politidistrikt finst det både politistasjonar og lensmannskontor. Kvar politistasjon leiast av ein politistasjonssjef og har geografisk ansvar for eit politistasjonsdistrikt. Politistasjonane kan anten ha reine politioppgåver eller ein kombinasjon av politigjeremål og gjeremål i samband med sivil rettspleie. Lensmannskontora leiast av ein lensmann og har ansvar for eit lensmannsdistrikt. Lensmannskontora har både politigjeremål og gjeremål i samband med sivil rettspleie.

Som politiutdanna kan du søkje jobb i alle politidistrikta i Noreg.

Sist oppdatert: |