Hopp til innhold

Politiets sikkerhetstjeneste

PST sitt hovedkontor i Oslo. Foto: PST
Politiets sikkerhetstjeneste (PST) er den nasjonale sikkerheitstenesta, og den er direkte underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.

PST førebyggjer og etterforskar lovbrot som trugar sikkerheita og sjølvstenda til nasjonen. Kjerneverksemda er arbeid innanfor kontraterror, kontraetterretning, ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen og kontraekstremisme. Oppgåvene vert primært løyste ved å samle inn, tilverke og analysere informasjon. PST legg òg fram trusselvurderingar og utfører livvaktteneste for regjeringa.

Variert yrkes- og utdanningsbakgrunn

PST er ei fleirfagleg teneste med eit spanande og stimulerande arbeidsmiljø. Arbeidsstokken består av medarbeidarar med svært variert yrkes- og utdanningsbakgrunn.

Utanom politipersonell tilset dei juristar, statsvitarar, filologar, ingeniørar, sosiologar, sosialantropologar, økonomar med meir. PST er særleg interessert i kandidatar med språk- og kulturkunnskapar i tillegg til den faglege utdanninga. Les meir om Politiets sikkerheitsteneste på.

PST i sosiale medium:

Publisert: - Sist oppdatert: |