Hopp til innhold

Politihøgskolen

Politihøgskolens studiesteder
Politihøgsklen (PHS) er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten.

Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine.

PHS har til saman rundt 400 tilsette, fordelt på Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern. Talet på tilsette har dei siste åra stige i takt med det aukande opptaket av studentar til skulen.

Treng lærarar og kursinstuktørar med politiutdanning

Politihøgskolen er ein veldig populær arbeidsstad for polititenestepersonar som ønskjer å «kome attende» i ein lengre eller kortare periode. PHS treng personar med politiutdanning både som lærarar og som kursinstruktørar.

Dei fleste kursinstruktørane jobbar ved Politihøgskolen sine avdelingar på Kongsvinger og i Stavern i periodar.

Sjå ledige stillingar

Publisert: - Sist oppdatert: |