Hopp til innhold

Utrykningspolitiet

Politibil
Utrykkingspolitiet (UP) er eit sentralt politiorgan som har til hovudoppgåve å førebyggje lovbrot i trafikken og redusere ulukker.

UP utfører polititeneste i alle politidistrikta i landet. Dei prioriterte oppgåvene for UP er: Fartskontroll, kontroll av ruspåverka førarar, kontroll av verneutstyr, demping av aggressiv køyreåtferd, kontroll av tyngre køyretøy, kontroll med transport av farleg gods, generell innsats mot kriminalitet, støtte og vernebuing. UP brukar uniformerte og sivile bilar og motorsyklar i kontrollverksemda.

Til kontrollverksemda har UP eit hovudkontor i Stavern og tenestemenn og -kvinner fordelt på distrikt. Mannskapa i UP er innkommanderte for ein viss tidsperiode.

UP i sosiale medium:

Publisert: - Sist oppdatert: |