Hopp til innhold

Bodø

Politihøgskolen avdeling Bodø
Politihøgskolen si avdeling i Bodø ligger på Mørkved, ca. 8 km øst for Bodø sentrum.

Politihøgskolen avdeling Bodø har 282 studieplassar fordelt på fyrste og tredje studieår. Studentmiljøet vert framheva som svært godt. Studentane framhevar òg moglegheitene for å få hjelp og oppfølging av lærarar og administrasjon som eit av dei største fortrinna ved avdelinga.

Klasserom og auditorium er lyse og trivelege, og skulen har god tilgang på grupperom. Undervisning går òg føre seg i spesialrom som datarom, øvingsleilegheit, kriminalteknisk undervisningsrom og øvingssimulator.

Politihøgskolen er nærmeste nabo til Nord Universitet og har eit godt samarbeid med dem. Studentane benyttar Nord Universitet sitt biblioteket.

Avdelinga har eige treningsstudio og eigen AT-sal. Rett ved Politihøgskolen ligg dessutan idrettsanlegget i Mørkvedlia. Anlegget har mellom anna grasbane med løpebaner for friidrett, kunstgrasbane og grusbane for fotball, to idrettshallar samt symjehall og treningssenter. Anlegget blir rekna som eit av dei to-tre største og best utstyrte i landet. Avdelinga har òg eit eiga idrettslag. Kva for sportsgrener som stiller lag varierer frå år til år.

Fadderordning

Som ny politistudent ved avdeling Bodø blir du ein del av fadderordninga. Dei nye studentane blir delt inn i gruppar som fleire fadrar, tredjeårsstudentar, har ansvar for den fyrste veka - fadderveka. Fadderveka er ei sosial veke der du fort kjem i kontakt med dine medstudentar.

Politihøgskolen arrangerar topptur til Per Kalsatind (1036 moh) i oppstartsveka.

Studentinord

Studentane ved avdelinga er medlemmer av Studentinord. Studentinord gir tilbod om studentbustader, kantinar, barnehagar og rådgivningsteneste. I tillegg til er det mange private utleigarar i Mørkved-området.

Studentinord arrangerar ulike aktivitetar som fjelltur, båttur, grottetur og held ulike kurs. 

«Samfunnet i Bodø»

«Samfunnet i Bodø» er eit studenthus som rommar ei rekkje aktivitetar. Her finn du mellom anna studentkontor, møterom, pub og konsertlokale. Studentlag og foreiningar gir fritidstilbod innanfor alle kategoriar.

Bodø by

Bodø har eit rikt kulturliv og pulserande uteliv med pubar, restaurantar, kafear og kino. Kulturhuset Stormen byr på teater, revyframsyningar og konserttilbod i tallause former og smaksvariantar. Bodø har mange idrettsklubber med tilbud om mange ulike idrettsgrener for alle årstider. I Bodø Spektrum finn du mellom anna Nordlandsbadet og Nordlandshallen, som har ei innandørs fotballbane med internasjonale mål.

Utanfor bustadområda som omgir høgskulen, lokkar det eit fantastisk turterreng med mellom anna turstigar, lysløyper, elvepark, slalåmbakkar, hoppbakkar og fiskevatn. Viss du likar å gå i fjellet, er fjellheimen i Bodø-området eit fantastisk utgangspunkt. Turistforeininga har eit godt utbygd rutenett, med hytter som er opne for alle, anten du skal jakte, fiske, klatre i fjellveggen eller opp på tindane, eller rett og slett nyte livet i fjellet.

Om lag 15 mil sør for Bodø finn du Svartisen, som dekkjer eit område på 375 kvadratkilometer og såleis er den største isbreen på Nordkalotten og den nest største i Noreg. Rett utanfor Bodø ligg den sterkaste malstraumen i verda, nemleg Saltstraumen, som er eit eldorado for fiskarar og dykkarar. Mjelle er kanskje den vakraste naturperla i Bodø kommune. På dagar med klårt vêr er synet av Lofotveggen, Landegode, havet, dei raude sandstrendene og dei nakne, mørke fjella i Mjellevika nok til å ta pusten frå kven som helst. Les meir om Bodø på Bodø kommunes nettsidar og Visit Bodø.

Les også om studiestedene Oslo og Stavern.

Publisert: - Sist oppdatert: |