Hopp til innhold

Våre forskargrupper

Forskargruppene skal styrkje det tverrfaglege samarbeidet og fagmiljøa ved Politihøgskolen.

Finn publikasjonar

Politihøgskolen skal som sentral samfunnsaktør vere ein aktiv kunnskapsleverandør og ein synleg deltakar i samfunnsdebatten. Forskarane og dei fagtilsette har eit særleg ansvar for å ta del i denne debatten og medverke til betre avgjerder og vurderingar både i justissektoren og samfunnet generelt. Sjå biblioteksidene for å søkje i Oria etter publiseringar frå Politihøgskolen.

Forskarar og fagtilsette

Politihøgskolen har per mars 2016 34 tilsette med førstestillingskompetanse: fem på professornivå, fem professor II, 19 på førsteamanuensisnivå og fem på førstelektornivå. Forskingsproduksjon vert òg gjennomført av stipendiatgruppa, førstelektorgruppa og tilsette i forskarstillingar ved skulen. I tillegg er det stor FoU-aktivitet blant dei andre fagtilsette.

Nordisk politiforskning - tidsskrift frå Politihøgskolen

«Nordisk politiforskning» er eit tidsskrift med mål om å vise ny lærdom og forsking innan politiforsking, politivitskap og polisiær verksemd, policing, i dei nordiske landa.

Tidsskriftet er opent for alle, og vert gjeve ut av Politihøgskolen i samarbeid med Universitetsforlaget.

Nordisk politiforskning har to utgjevingar per år.