Hopp til innhold

Etterforskning: prinsipper, metoder og praksis

Bilde av forfattarene
FORFATTARANE: Ole Thomas Bjerknes og Ivar A. Fahsing
Ole Thomas Bjerknes (politioverbetjent ved PHS) og Ivar A. Fahsing (politioverbetjent og PhD ved PHS) er ute med boka «Etterforskning: prinsipper, metoder og praksis». Boka er pensum på PHS, og til skilnad frå tidlegare, er boka til sals utanfor politiet.

Lurer du nokon gong på kva som var Sherlock Holmes’ grunnleggande etterforskingsmetodikk – og korleis han kan ha verka inn på dagens krav til god etterforsking? Då er dette boka for deg.

Forfattarane har skrive boka for å gje politistudentar, tilsette i politiet og alle andre ei innføring i det taktiske tenkesettet i etterforsking, dei vanlegaste etterforskingsmetodane og etterforskingsleiing.

Boka er forskingsbasert, og bidragsytarane har fleire års røynsle med etterforsking. Frå Politihøgskolen har Ulf Bergum (politioverbetjent), Tuva Brørby (politioverbetjent), Torstein Eidet (politioverbetjent) og Christine Nordsletten (politioverbetjent) medverka til boka, i tillegg til forfattarane sjølve.

Boka finn du i Oria

Publisert: - Sist oppdatert: |