Hopp til innhold

Publisering i PIA

PIA er Politihøgskolens digitale arkiv og er gratis tilgjengeleg på internett.

I PIA publiserast forskingsarbeid og andre publikasjonar frå tilsette og masterstudentar og samstundes sikrast dokumenta betre bevaring for ettertida.

Det digitale arkivet inneheld:

  • Vitskapelege artiklar
  • Doktoravhandlingar
  • Masteroppgåver
  • Bacheloroppgåver
  • Andre avhandlingar
  • Bøker, bokkapittel
  • Fagfellevurderte konferansebidrag
  • PHS-rapportar

Kvifor parallellpublisere i PIA?

PIA gjer forsking synleg og gratis tilgjengeleg for alle. Samstundes sikrar arkivet trygg langtidslagring av forskingsarbeid og masteroppgåver. Når dokumentet ditt er registrert i PIA, vil det få ein permanent URL som til dømes kan nyttast som lenkje i ein CV.

Parallellpublisering i PIA gjev Politihøgskolen moglegheit til å gi ei samla oversikt over den faglege produksjonen ved institusjonen.

Vitskapleg arbeid i PIA blir mellom anna søkbar i:

Korleis publisere i PIA?

Biblioteket er ansvarleg for PIA, og publiserar for deg. Kontakt om det er noko du ynskjer å publisere.

Forfattar må alltid fylle ut «Avtale om tilgjengeliggjøring av elektroniske materiale i PIA» og levere den til biblioteket før dokumentet kan publiserast. Les meir om dine publiseringsrettigheiter.

Publisering av ulike dokumenttypar

1. Vitskapelege artiklar

Dei fleste utgjeverane tillèt at artiklar publiserast i eit institusjonelt arkiv, men føresetnadane kan variere frå utgjevar til utgjevar. For å finne ut kva utgjevar tillèt, kan du sjekke i SHERPA/RoMEO. Om du ikkje finn den aktuelle utgjevaren, kan du sjå i kontrakten du har med utgjevar og sjå kva vilkår som er lista der.

Det beste er å sikre seg rett til publisering i eit institusjonelt arkiv ved inngåing av avtale med utgjevar – les meir om publiseringsrettigheiter.

DOAJ er ein database over Open Access-tidsskrift. Når du vurdera kva tidsskrift du skal publisere i, kan du finne relevante tidsskrift i den basen.

2. Masteroppgåver

I retningslinjene for PIA vedtatt av styret ved PHS står det at det innførast obligatorisk elektronisk innlevering av mastergradsoppgåver. Den elektroniske versjonen nyttast som grunnlag for eksemplarframstilling (trykking osv.) av avhandlinga. Avhandlingane skal så langt det er mogeleg også tilgjengeliggjerast i PIA.

Rutine for elektronisk levering:
Studentane levera masteroppgåva si elektronisk til studieavdelinga, og signera 2 eksemplar av «Avtale om tilgjengeliggjøring av elektroniske materiale i PIA». Avtala vert skriven under ved innlevering av trykt, signert eksemplar i papir til studiekontoret. Dersom studentane på grunn av at de bor langt frå Oslo levera via post, kan avtala leverast elektronisk.

Biblioteket publiserar masteroppgåvene i PIA. Publisering skjer ei veke etter endeleg sensur.

Avvik frå retningslinjer:
Studenten, i samråd med studieleder master/Forskingsetisk komité, avgjer om avhandlinga inneheld informasjon som gjer at den eventuelt ikkje kan publiserast i PIA.

Sjølv om avhandlinga inneheld sensitiv informasjon skal den likevel leverast til biblioteket, den vert ikkje publisert, men vil verte lagra skjult for offentlegheita i PIA.

Dersom det er mogeleg, oppfordrast studenten til å levere ein tilrettelagt versjon av avhandlinga som kan publiserast i PIA, saman med den fullstendige versjonen som lagrast skjult. Spørsmål om levering av masteroppgåve sendast til .

3. Doktoravhandlingar

  • Monografiar:
    Om innhaldet i avhandlinga aldri tidligare har vorte publisert (det vil seie at det ikkje er opptrykk av artiklar), har du som forfattar er full opphavsrett i samsvar med åndsverkslova og står dermed fritt til å publisere avhandlinga i PIA.  Publisering i PIA har ingen innverknad på din opphavsrett til avhandlinga.
  • Artikkelbaserte avhandlingar:
    Ein artikkelbasert avhandling består av fleire artiklar og ei oversikt/samandragsdel. Den siste har forfattar full opphavsrett over og står fritt til å publisere den i PIA. For artiklane gjeld dei same avgrensingane som for eigenarkivering av artiklar (sjå punkt 1. Vitskapelege artiklar). Det må her innhentast løyve frå forlag (og eventuelle medforfattarar) før ein artikkel kan publiserast i PIA.

Eit generelt inntrykk er at forlaga er meir velvillige i vilkåra når ein artikkel inngår som ein del av ei avhandling, enn når det gjeld frittståande artiklar. Hugs at som forfattar kan du inngå ein avtale med forlaget om elektronisk publisering av dokumentet i PIA.

4. Andre dokumenttypar

Kontakt for hjelp til publisering av andre dokumenttypar. Administrator kan vere behjelpeleg med opphavsrettslige spørsmål.

Spørsmål?

Spørsmål om PIA kan sendast til eller .

Sist oppdatert: |