Hopp til innhold

Utveksling for B2-studentar

Vil du sjå kva andre politistudentar i Europa gjer og korleis dei lærar om politiarbeid ?

PHS har avtaler i Danmark, Finland, Sverige, Island, Tyskland, Romania og Irland. Utveksling er på tre veker og dato for opphaldet vil variere avhengig av kva for stad du reiser til, men utveksling vil skje i vårsemesteret 2020. Hugs at du også kan velje å delta i PHS sine internasjonale veker om du ikkje vil reise til utlandet. Du søkjer om utveksling eller deltaking i våre internasjonale veker på same søknadskjema.  

Losji er dekka av vertsinstitusjonen med unnatak av Politirådens kontor i NYC og Liverpool John Moores University. På nokre stadar er også maten dekka på vekedagane. Du må sjølv betale for reise, nokre måltider, sosiale aktivitetar og forsikring. Det er ditt ansvar å stadfaste at forsikringsavtala di dekkjer utveksling.  

Studentar som utvekslar i Norden må ha ei god forståing av svensk og/eller dansk. Ein kan forvente ein del undervisning på svensk eller engelsk i Finland også. For dei andre landa må ein kunne engelsk. 

Søknadsfrist er 15. september for utveksling våren 2020. Søknadsskjema ligg på Canvas under «Studieadministrasjon 2019/2020».

Studieopphaldet blir godkjend som eit arbeidskrav i hovudområde  «Førebyggjande oppgåvar» (ekstern hospitering) i B2. Studentar på utveksling må gjennomføre ei evaluering av opphaldet når dei kjem attende til Noreg og dei må presentere opphaldet sitt til medstudentar i politidistriktet der dei har praksis.

Krav til søkere:

  • Du må vere ajour med studiane dine
  • Ingen skikketheitsakar til vurdering
  • Søknaden din må vere fullstendig og på engelsk
  • Søknaden må ha ein motivasjonstekst (maks 300 ord) 
  • Motivasjonsteksten skal seie noko om kvifor du vil på utveksling, kva du forventar av opphaldet og kva du sjølv kan bidra med for å få best læring ut av opphaldet. Hugs - du skal til ein annan politiutdanning, ikkje ei anna politidistrikt. 
  • Når det er fleire kvalifiserte søkarar enn plassar, kan motivasjonsteksta og/eller engasjement for eit godt studentmiljø vere avgjerande

Er du nyfiken kva for reisemåte gir det minste karbon fotavtrykk når du drar på utveksling? - sjå her.

Dansk politiskole

Dansk politiskole ligg i Brøndby, oml. 30 km vest for København.

Dansk politiutdanning går gjennom store endringar for tida. Det er ein profesjonsutdanning på 2.6 år utan studiepoeng. Norske studentar går saman med danske studentar i teorimodular og kan hende nokre få operative modular, men det er umogeleg å love det siste. Frå 2020 er det mogeleg at norske studentar vert innkvartert i det nye opplæringssenteret på Jylland, men dette veit vi ikkje sikkert ennå. Per dags dato bur studentar på to-manns rom på hotell, og må kjøpe mat i kantina på skulen. Det er 5 - 6 plassar til disposisjon i Danmark.

Police University college - Finland

Poliisiammattikorkeakoulu (Polamk) er på mange måtar den av partnarane som liknar mest på Politihøgskolen. Finske studentar har ein tre-årig profesjonsutdanning der oml. 1/3 er praksis. Den svenske- og den finske utdanninga går parallelt med kvarandre. Studentar som drar på utveksling til Finland vil få tid i POLAMKS eige «simuleringslandsby», blant anna. Og så langt det er mogeleg vil du kunne delta i operative modular, men patruljering er ikkje mogeleg. Innkvartering er på campus. Du har tilgang til kjøken og kan elles kan kjøpe mat i studentkantina. Tilbodet er laga for norske studentar og er ikkje det ein finn for utvekslingsstudentar på POLAMKS engelske sider.  Det er 2-4 plassar på POLAMK.

POLAMK ligg i Tampere. Du kan fly direkte frå Stockholm eller ta fly til Helsinki og tog derfrå.

University of Akureyri - Islands politi

Politiet på Island, eller «Ríkislögreglan» er som norske politi for det meste ubevæpna. University of Akureyri ligg nord på Island. Utdanninga er på to år med mogelegheit for eit påbyggingsår som gir ein bachelors grad. Politihøgskolen har ein til to plassar på Island. Opplegget i 2020 er delvis i Reykjavik hos rikspolitiet som kjøyrar operativ trening og delvis i Akureyri på universitetet. På grunn av språket er det eit eige opplegg saman med andre nordiske studentar. Losji er betalt av vertsinstitusjonen. Du på rekna med utgiftar til mat.

Svensk politiutdanning

Svensk politiutdanning er styrt av Polismyndigheten. Det er 5 universitet/høgskolar i Sverige som har fått i oppdrag å drive politiutdanning. Utdanninga er på 2,5 år. Kvar institusjon har eige opplegg og innkvartering for utvekslingsstudentar. Du må sjølv ordne med mat. Nedanfor er dei stadane Politihøgskolen har sendt studentar til før. Politihøgskolen ventar melding frå Polismyndigheten om vi i 2020 kan også sende til Malmö Universitet og Högskolan i Borås.

Linné Universitet (2-4 plassar) Linné Universitet ligg i Växsjö. Det er lettast å kome til Linné ved fly til København og tog til Växsö.

Södertornshögskola (2-4 plassar) Södertornshögskola ligg i Flemingsberg (Stolckholms län).

Umeå Universitet (2-4 plassar) Umeå Universitet ligg i Umeå. (Västerbottens län)

Liverpool John Moores University

Studentar som drar til Liverpool John Moores University vil lære mykje om politiarbeid og korleis det er organisert i UK. Tida blir fordela mellom undervisning på campus, arbeid med ei relevant oppgåve og hospitering hos Merseyside police. Merseyside police er involvert i mange spanande førebyggande prosjekt som «No more knives» og Project Servator. Studentar må sjølv finne bustad og finansiere reise og opphaldet. Utveksling vil skje i februar.

Garda College - Irland

Garda College ligg i Templemore, Irland. Utdanninga på Garda College er ein Bachelor akkreditert av Unviersitetet i Limerick. Som utvekslingsstudent på Garda vil du bu og innta måltida dine på campus i Templemore. Du vil gå i klasse saman med dei irske studentane og følge deira timeplan som er ei blanding av ulike fag. PHS studentar deltar ikkje i normale patruljer men tidlegare studentar har vert tatt med på aktivitetar utanom campus (ulike markeringer; publikumsmøte, førebyggjing osb.). PHS studentar som har vore på Garda har også snakka varmt om deira kontaktstudentar. Det er og gode treningsfasilitetar på der. Vi har omlag 5 plassar til på Garda College.

Templemore er oml. 2 timar sør for Dublin.

Academiei de Poliţie, Alexandru Ioan Cuza - Romania

Academiei de Politie ligg i Bucuresti. Skulen har ein 3-4 årig bachelor med ulike retninger for dei ulike tenestane. Du vil bu på campus med rumenske studentar (fleirsengsrom). Det er ein litt annan standard enn hos oss, men studentane har vore veldig nøgde med båe fadderstudentar og programmet. Dette er det mest «eksotiske» tilbuda for deg som vil ha ei utveksling mest mogeleg ulike norsk politikvardag. Politihøgskolen har ca. 8 plassar i Romania. 

Tysk politiutdanning

Politiet i Tyskland er organisert i  Bundespolizei (føderal politi) og Landespolizei (distriktspoliti). Kvar delstat i Tyskland har ansvar for å utdanne landespolizei. Politihøgskolen samarbeidar med høgskular som utdannar landespolizei.

Polizeiakademie Niedersachsen har tre studiestadar. Norske studentar er nokre gongar innom to av dei.  Opphaldet inkluderar ein internasjonal modul/veke der du er saman med andre europeiske studentar. Ut over det, varierer innhaldet og kan inkludere patruljering. Politihøgskolen har ca. 6 plassar til Niedersachsen. Dato for utveksling: 27.april - 15.mai 2020. 

Fachhochschule für Õffentliche Verwaltung, Polizei und Rechtspflege des Landes Mecklenburg-Vorpommern ligg i Güstrow.  Programmet  i Güstrow er på engelsk og kun for innkomne studentar. Nokon gongar har dei kjørt fleire utenlandske grupper samstundes. Patruljering er som regel ein del av progammmet.  Politihøgskolen har oml. 10 plassar til Güstrow.  

Akademie Polizei Hamburg ligg i Hamburg. I Hamburg vil du møte ulike formar for undervisning. Dei har eit eige opplegg på engelsk. Patruljer inngår som regel alltid og du kan også påverke innhaldet i programmet. Innkvartering er på ein fin campus i Hamburg. Kloss i høgskulens området ligg også den største operasjonssentralen i byen. Politihøgskolen har ca. 6 plassar til Hamburg.    

Politirådens kontor - FN, New York - USA

Politihøgskolen har 4 plassar til Politrådens kontor i New York. To studentar vil dra i februar og to studentar vil dra medio-mars til medio-april. Opphaldet i New York er på 31 dagar for å kvalifisere for reisestipend frå lånekassa. Det er mogeleg at studentar må pårekne å bruke ein eigne feriedagar.

Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for Politirådens kontor i New York. Kontoret er knyt til FN og arbeidet som skjer der. Hospitantar på politirådens kontor vil få eit godt innblikk i internasjonale sakar som er viktige for Noreg, og internasjonale sakar innan krig, fred og sikkerheit som Noreg ønskjer å påverke. Hospitantane vil delta i møteplanlegging og oppfølgjing. Det er viktig at du som søkar ekstern hospitering her likar å skrive, og kan skrive nøyaktig. Møtereferat o.a. vil vere ein del av det du gjer på politirådens kontor. Det kan vere referat frå møter i ulike komiteer, t.d. komite for nedrusting, folkerett eller antiterror. Kontoret vil gjere sitt beste for å legge til rette for studiebesøk til aktuelle organisasjonar i NYC (t.d. NYPD) men dette vil vere avhengig av kor mykje det er å gjere elles. Du vil bli bede om å skrive ei oppgåve som drøftar noko Politirådens kontor er interessert i å vite meir om. Hospitanten og tilsette på Politirådens kontor vil saman avgjer kva for tema det er aktuelt  å skrive om. Avhengig av aktivitetsnivået på kontoret, vil denne oppgåva vere ganske kort, eller meir inngåande. Arbeidstida er vanlegvis frå 9 - 17 frå måndag til fredag.

Studentar som drar hit på utveksling må sjølv finne ein stad å bu. Hospitantar må sjølv finansiere reise, forsikring og opphald. Opphaldet på 4 veker kvalifiserer til reisestipend frå lånekassa.                                                                                       

Sist oppdatert: |