Hopp til innhold

Kvalitetsarbeid ved PHS

Lova om universitet og høgskular § 1–6 første ledd krev at høgskulane har eit tilfredsstillande, internt system for kvalitetssikring.

Politihøgskolen sitt kvalitetsutviklingssystem skal sikre at utdanningane ved PHS held høg kvalitet. Dette skal gjerast:

  • Ved å leggje til rette for kontinuerleg kvalitetsforbetring i alle ledd av verksemda
  • Gjennom eit studiemiljø der studentane og medarbeidarane bidrar aktivt til kvalitet i læring og utvikling
  • Ved å synleggjere god kvalitet og avdekkje sviktande kvalitet
  • Ved å fokusere på relevansen som utdanningane har for yrkesfeltet

Kvaliteten på utdanninga skal vurderast opp mot eit stort spekter av oppgåver og prosessar. Når det gjeld Politihøgskolen, har ein valt å arbeide med desse fem kvalitetsområda; inntakskvalitet, rammekvalitet, programkvalitet, undervisningskvalitet, resultatkvalitet.

Arbeidet med kvalitetsutvikling skal integrerast på ein best mogleg måte i det samla plan- og budsjettarbeidet ved høgskulen. Neste års verksemdsplan og budsjett for Politihøgskolen vert utarbeidd og sluttført parallelt med handsaminga av årsrapporten om kvalitetsutvikling. Dette gjer planarbeidet og verksemdsstyringa til ein einskapleg prosess.

Handbok og kvalitetsutvikling:

Sist oppdatert: |