Hopp til innhold

Ny rapport frå Knutsson

Professor Johannes Knutsson frå PHS har saman med forskar og politimann Stefan Holgersson utgjeve ”Polisen arbete mot narkotika”.

Rapporten "Polisens arbete mot narkotika"Politiet i Sverige har over tid fått ein viktigare rolle i narkotikapolitikken. Rapporten skildrar korleis det svenske politiet handhevar narkotikapolitikken innanfor det svenske rettsystemet. Rapporten diskuterer mål for det svenske politiet sin narkotikainnsats og tek opp at dagens målpraksis fører til overrapportering av narkotikalovbrudd, noko som har fått merksemd i svensk media.
 
Vanskelegare å få tak i narkotika i Sverige
Rapporten diskuterer òg førebyggjande effektar av arbeida til politiet og vurderer innsatsen til politiet mot stader der narkotikahandel finst. Sidan slutten av 70-talet har den svenske narkotikapolitikken vorte meir restriktiv og innsatsen til politiet mot narkotikum har gått i same retning. Rapporten peikar dette ut som ein suksessfaktor.

- Det er i stor grad eit positivt resultat som viser nytten av arbeidet til politiet. Viss du gjer ei internasjonal samanlikning, ser ein til dømes at for svenske ungdomar er det vanskelegare å få tak i narkotika enn for sine jamnaldrande i mange andre land, seier Knutsson.

Bakgrunnen for samarbeidet om rapporten kom etter ein samtale mellom Knutsson og Holgersson der dei kom til semje om at den ulike bakgrunnen deira, røynsler og innfalsvinkel kunne styrkja ein slik rapport.

Fullstendig rapport kan lesast her.

Publisert: - Sist oppdatert: |