Hopp til innhold

Seminar om førebygging av radikalisering og terrorisme

Innganspartiet til Politihøgskolen i Oslo
SEMINAR OG BOKLANSERING: Professor Hammed El-Said ved Manchester Metropolitan University presenterer under seminaret si nye bok New Approaches to Countering Terrorism.
I samarbeid med Politihøgskolen (PHS) inviterer Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet til ope seminar og boklansering på PHS 16. desember.

Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet inviterer til seminaret «Pre-introduction seminar of Hamed El- Said's book New Approaches to Countering Terrorism”.

Professor Hammed El-Said ved Manchester Metropolitan University presenterer under dette seminaret si nye bok New Approaches to Countering Terrorism. Boka tek særleg for seg program for å førebyggje radikalisering og framme deradikalisering, med ei rekkje konkrete eksempel på korleis slike program har vore gjennomførde i ulike delar av verda.

Dr. El-Saids innlegg blir kommentert av statssekretær Laila Bokhari ved Statsministerens kontor, direktør Jon Fitje Hoffmann, Politiets Sikkerhetstjeneste, og forskar Anne Stenersen, FFI. Ordstyrar er Odd Berner Malme.

Seminar og boklansering er ope for alle interesserte - og media.

Dato: Tysdag 16. desember 2014
Tid: kl. 13.00 - 16.00
Sted: Politihøgskolen auditorium 1
Adresse: Slemdalsveien 5, Oslo
Påmelding: innen 15. desember kl. 12.00 til Eileen Schreiner Berglie, .

Publisert: - Sist oppdatert: |