Hopp til innhold

Nyrevidert og nypublisert

Del av forsida på boka Tegn og symptomer på misbruk av narkotika eller andre rusmidler».
NYE KAPITTEL: «Påvisning av rusmidler» og «prøvetaking og prøvemanipulering» er to av fleire nye kapittel i boka.
Politioverbetjent Ole Vidar Øiseth frå Politihøgskolen (PHS) har saman med tre medforfattarar gitt ut ei revidert utgåve av boka «Tegn og symptomer på misbruk av narkotika eller andre rusmidler».

- I denne utgåva er det gjort så mange endringar at boka nesten er å rekne som ei nyskriven bok, seier politioverbetjent Ole Vidar Øiseth. Øiseth underviser også om bokas tema ved Politihøgskolen.

Teikn og symptom er ein arbeidsteknikk som kan stadfeste eller avkrefte mistanke om bruk av lovlege og ulovlege rusmiddel. I «Tegn og symptomer på misbruk av narkotika eller andre rusmidler» går ein inn på teikn og symptom som kan sjåast hos personar som er påverka av narkotika eller andre rusmiddel, og gjer greie for korleis ulike rusmiddel påverkar åtferda.

- Boka har fått eit helt nytt og oppdatert kapittel om fysiologi, skrive av den nye medforfattaren Vigdis Vindenes. Overlege Vindenes er avdelingsdirektør ved avdelinga for rusmiddelforsking og metodeutvikling på Folkehelseinstituttet.

Øiseth fortel at bruk av fleire rusmiddel samtidig, saman med ein kontinuerleg auke i talet på nye stoff med ukjende verknader, gjer det endå vanskelegare enn før å identifisere ruspåverknad. Han gjer merksam på at det foreløpig ikkje er mogleg å påvise enkelte av dei nye stoffa med tradisjonelle prøvetakingsmetodar.

- Boka har difor fått kapittel om «påvisning av rusmidler», «prøvetaking og prøvemanipulering» og «faste grenser for 20 av de mest vanlige narkotiske stoffene i trafikken», understrekar politioverbetjenten.

Arbeidsteknikken
- For å kunne handsame rusa personar og hindre uønskte hendingar må politiet ha detaljkunnskap om stoff og kjennskap til reaksjonane på stoffa, seier Øiseth. Han presiserer at kunnskap er viktig for å unngå at personar med urette vert mistenkte for å ha nytta rusmiddel.

Øiseth minner om at resultata ein får med denne teknikken, ikkje kan reknast som bevis. Politiet bør difor sjå på denne teknikken som eit hjelpemiddel på lik linje med alkometer og hurtigtestar av urin/spytt i avgjerdsfasen.

- Vi som er forfattarar av boka, tilrår ikkje nokon å ta i bruk arbeidsteknikken utan også å ha gjennomført den nettbaserte opplæringa som Politihøgskolen tilbyr i denne teknikken, avsluttar politioverbetjenten.

Publisert: - Sist oppdatert: |