Hopp til innhold

Evaluering av politi og våpenopplæring på New Zealand

Kai-Inge Schaathun Larsen og Steinar Vee Henriksen
KLAR FOR OPPDRAG: Kai-Inge Schaathun Larsen (t.v) og Steinar Vee Henriksen er klar for oppdrag på New Zealand, kor dei skal yte bistand til politiet med evaluering av våpentreninga og opplæringa deira.
Politioverbetjentane Kai-Inge Schaathun Larsen og Steinar Vee Henriksen frå Politihøgskolen skal yte bistand i evalueringa av politiet si våpentrening og opplæring på New Zealand.

Oppdraget skal vare i to veker. Dei to skal delta og observere den konkrete opplæringa og programma som vert gjeve til politistudentar - men også vedlikehaldstreninga for ferdig utdanna politi. Dei skal i tillegg halde foredrag og presentere inntrykka sine både frå New Zealand og Noreg for leiinga ved Royal New Zealand Police College, og den nasjonale politileiinga i landet. 

Bidrag og impulsar
-
Det er jo eit uttrykk for tillit at vi har fått invitasjon til dette oppdraget. Vi håper å kunne dele erfaringane våre, og samtidig hente impulsar heim. Dette blir spennande, seier Steinar Vee Henriksen, som har ansvaret for orden og beredskap i studentane sitt praksisår ved bachelorutdanninga.

Kai Inge Schaathun Larsen, som er fagkoordinator for våpen ved Politihøgskolen, understrekar at dette er eit aktivt og konkret oppdrag, kor dei deltek på ulike nivå.

- Dette er eit oppdrag kor vi skal vere aktive på ulike nivå, og presentere observasjonane våre, både når det gjeld tilnærminga, metodikken og opplæringsprogram. I invitasjonen blir det også lagt vekt på at det er stor gjensidig relevans for politiet dei to landa i mellom, og det er jo eit svært godt utgangspunkt.  

Mange fellestrekk
Noreg og New Zealand har mange likskapstrekk kva gjeld samfunnsforhold, og begge land har i utgangspunktet eit uvæpna politi, med lagring av ei- og tohands våpen i politibilane. Men i tillegg har New Zealand elektrosjokkvåpen som ein del av førehandslagringa.

- Operativ kompetanse består av fleire viktige fagområde. I tillegg til våpenopplæring handlar det om taktikk og tilnærming, situasjonstrening og juridiske rammer for handteringa vår. No har vi ei mellombels generell væpning i Noreg, men vi trenar for å unngå å bruke våpen - og vi har inntrykk av at dette også er noko politiet i New Zealand er oppteke av. Vi skal dele, og hente inn - alle relevante erfaringar, seier Steinar Vee Henriksen.  

Anerkjenning
Assisterande rektor ved Politihøgskolen, Tor Tanke Holm, seier at oppdraget er ei anerkjenning av dei to - og for Politihøgskolen.  

- Det er utvilsamt ei anerkjenning for Politihøgskolen at politiet på New Zealand ønskjer vurderingar frå to av dei dyktige fagfolka våre i arbeidet for å vurdere og vidareutvikle si eiga våpenopplæring. Samtidig gir dette Politihøgskolen eit høve til å hente erfaringar og impulsar frå eit land, som trass i stor geografisk avstand frå Noreg, likevel har mykje til felles med oss når det gjeld politiet si våpenopplæring og handtering.

Publisert: - Sist oppdatert: |