Hopp til innhold

Trappar opp jakta på dyktige jobbsøkjarar

Forsida på nye «jobbsider»
JOBB VED PHS: Sida inneheld informasjon om kvifor søkjarane skal velje å jobbe ved Politihøgskolen, søknadsprosessen og oversikt over ledige stillingar.
Politihøgskulen (PHS) har utarbeidt nye sider for jobbsøkjarar til høgskulen på phs.no. PHS har også bedriftsside på LinkedIn, og startar i desse dagar eit forsøk med betalte stillingsannonsar der.

PHS er ein kunnskapsorganisasjon, og står for både politiutdanninga og etter- og vidareutdanning for politi- og lensmannsetaten. Politihøgskulen sin visjon er «Kunnskap for eit tryggare samfunn». No trappar høgskulen opp jakta på dei dyktige medarbeidarane som skal bidra både i utdanning, forsking og formidling, og til viktige støttefunksjonar - for å nå måla.

- Eit kunnskapsstyrt politi treng ein utdanningsinstitusjon som er attraktiv for dei dyktige jobbsøkjarane. Kvart år kunngjer PHS eit femtital stillingar. Vi opplever allereie at PHS er interessant for mange søkjarar, men vi vil vidare og satsar no meir målretta og på nye måtar for å tiltrekkje oss enda fleire søkjarar til ledige stillingar, seier personalsjef Tove Ingelin Aksnes.

Jobbsider på phs.no.
Sentralt i den nye satsinga er nye «jobbsider» på phs.no. PHS ønskjer å vere attraktiv og tiltrekkje seg flest og best mogelege søkjarar til stillingane som blir kunngjorde. Sida inneheld informasjon om kvifor søkjarane skal velje å jobbe ved Politihøgskolen, søknadsprosessen og oversikt over ledige stillingar. På sidene kan ein også møte nokre av dei som jobbar ved PHS, og lese kva dei meiner er gode grunnar til å jobbe ved PHS.

Side og annonsar på LinkedIn
Politihøgskulen har også oppretta ei bedriftsside på LinkedIn der det i løpet av hausten 2014 har blitt lagt ut ledige stillingar og nyhende. Frå januar 2015 og førebels for eitt år har høgskulen også kjøpt stillingsannonsering på LinkedIn.

Publisert: - Sist oppdatert: |