Hopp til innhold

Kor skal eg søkje jobb?

Politistudent Kjell Steinar
ANSVARLEG: Politistudent Kjell Steinar var ansvarleg for Arbeidslivsdagen 2015 i Oslo.
Politistudentane fekk sjå, høyre og kjenne på kva som ventar dei etter studie. Sjå videoreportasje frå Arbeidslivsdagen i Oslo.

Fleire politidistrikt, Kripos, PST, Utrykningspolitiet og Rytterkorpset var blant fleire som hadde rigga seg opp med stand i gymsalen. Fleire hadde teke med seg utstyr som politistudentane kunne ta på og prøve sjølv. Det var også lagt opp til foredrag kor nokre av arbeidsstadene informerte om kvardagen sin.

Publisert: - Sist oppdatert: |