Hopp til innhold

Norske avhøyrsmetodar blir internasjonale

FN-flagget
GLOBAL STANDARD: Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette global standard for politiavhøyr.
Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette globale standard for politiavhøyr. Standarden har utspringet sitt i Noreg.

Norsk politi har gått frå å ha store utfordringar med avhøyrsmetodar til å bli verdsleiande på feltet. Noreg var eit av dei fyrste landa i verda som utførde ein snuoperasjon frå skuldande til informasjonsinnsamlande avhøyrsmetodar. I eit internasjonalt perspektiv er Noreg såleis med å leie an i den globale utviklinga - frå tilståingsfokuserte «Interrogations» til forskingsbaserte  «Investigative Interviewing». Metoden, som opphavleg ble utvikla i britisk politi, heiter på norsk K.R.E.A.T.I.V. og blei innførd i norsk politi på 2000-talet.

Nyleg tilrådde FN sin spesialrapportør mot tortur FN si generalforsamling å opprette global standard for politiavhøyr. Spesialrapportøren hadde invitert Asbjørn Rachlew, forskar ved Norsk senter for menneskerettar (SMR) og ein av Noregs leiande avhøyrsekspertar, til å dele erfaringar frå norsk politi i FN 19. oktober. Saman med Rachlew var doktorgradsstipendiat Ivar Fahsing og seksjonsleiar ved etter- og vidareutdanning, Ivar Husby, frå Politihøgskolen.

En milepæl
Fahsing og Husby kallar spesialrapportøren sin rapport «ein milepæl» i arbeidet mot tortur under avhøyr.

- Det er berre å gratulere kvarandre med at alt arbeidet, som har vore nedlagt gjennom fleire år av alle gode krefter, no er blitt så synlegjort og lyftet fram.  At det no har blitt avhalde ein «side-event» under generalforsamlinga i FN, er ytterlegare inspirerande, seier Husby.

Publisert: - Sist oppdatert: |